Politikk

Justisminister Kallmyr om asylpolitikken: «Eg kjem til å vere strikt»

Han vil: Halde framande framand­krigarar unna Norge, byggje mottakssenter for mindreårige asylsøkjarar i Afghanistan, og kople raus norsk bistand med avtalar om retur av asylsøkjarar. Møt vår nye justisminister.

– Du er eigentleg for fri innvandring, men kvifor er ikkje det mogleg?

– I USA er det mogleg. Der tek staten mindre ansvar for einskildmenneske. Du får du ein startpakke og så må du klare deg sjølv. Men då har du ein heilt anna type samfunn. Det aksepterer til dømes barnefattigdom der barn må bu på gata fordi foreldra ikkje har råd til bustad. Det er eit heilt anna samfunn enn det me har i Norge. Me kan ikkje ha fri innvandring til eit samfunn der staten uansett tek hand om deg om du ikkje lukkast. Det som er våre grunnleggjande behov er for mange der ute rein luksus. Skal me akseptere fri innvandring, må me også godta reell fattigdom. Eg er glad for å bu i eit land som ikkje gjer det.

– Velferdsstaten er ikkje berekraftig i møte med fri innvandring?

– Nei, han er ikkje det.

LES OGSÅ: Frp forventer gjennomslag for ny innvandringskurs: Et spørsmål om tid før andre følger etter

– Kyrkjeasyl minimal problemstilling

– Hugsar du ditt første møte med ein flyktning?

– Me hadde flyktningar som budde i Fræna også, dei kom frå Sri Lanka. Eg hugsar dei blei godt integrerte i lokalmiljøet, for dei blei tekne med på vanlege aktivitetar, så det blei ingen forskjell på oss. Men dei var ikkje så mange. Mengde er ei stor utfordring. Kjem det svært mange på kort tid, blir det ikkje lett å inkludere dei i det norske samfunnet, for me kan oppleve at dei søkjer saman med berre likesinna og ikkje saman med resten av befolkninga. Dermed vil det bli vanskelegare å lære seg språk, til dømes.

LES OGSÅ: Frp etter landsmøtet: Mer islamkritisk, mer populistisk

– I Sundvollen-erklæringa stod det at «kirkerommet ikke skal brukes til kirkeasyl», dette kravet forsvann i både Jeløya- og Granavollen-erklæringa - kva meiner du om kyrkjeasyl i dag?

– Eg har ikkje brukt så mykje tid til å reflektere over kyrkjeasyl, for det er ei minimal problemstilling. Når eg var statssekretær stod me overfor ein heilt annleis situasjon. Me hadde rekordtilstrøyming og måtte vurdere kor mange som ville søkje kyrkjeasyl, for me visste at mange av dei som kom inn ville få avslag, så det var veldig situasjonsbestemt.

– Ikkje behov

– I Danmark blei kyrkjeasyl avslutta ved at justisministersen sende inn politiet og henta ut asylantar - kvifor gjer ikkje du det?

– Eg opplever ikkje dette som noko stort problem for tida.

– Kva meiner du om kyrkjelydar som tek på seg ansvaret for underhald og organisering av kvardagen til familiar i kyrkjeasyl?

– I Norge er rettstryggleiken for dei som har søkt asyl, god, så eg ser ikkje behovet for at kyrkja skal tilby eit ekstra rettstryggleikssystem. No er det få i kyrkjeasyl, men me følgjer med for å sjå om det blir fleire.

LES OGSÅ: Kirkeasylanter får bli i Norge etter å ha vunnet i lagmannsretten

– Har delteke i folkemord

– Regjeringa har trekt tilbake opphaldsløyve, berre IS-deltakarar med norsk statsborgarskap kan returnere til Norge - kvifor det?

– Me er ganske tydelege på at dei som har fått opphaldsløyve i Norge, og ikkje statsborgarskap, skal miste opphaldsløyvet. Dei fekk tryggleik i Norge som dei har valt å misbruke ved å reise ned og krige for eit av verdas verste terrorregime. Dei har etter mange si meining delteke i folkemord på kristne minoritetar, så dette er ikkje personar som er velkomne til Norge.

LES OGSÅ: Frp: Null familiegjenforening for folk med IS-tilknytning

– Kva ser du for deg; domstol for IS-kvinner i Irak/Syria eller tiltale og rettssak i Norge for dei kvinnene som vender heim?

– Regelverket er slik at dersom norske statsborgarar kjem tilbake til Norge, kan me ikkje nekte dei det. Kjem dei tilbake vil PST straffeforfølgje dei. Når det gjeld dei som ikkje kjem seg tilbake til Norge, meiner me at styresmaktene der nede må handtere sakene deira. Internasjonale domstolar blir berre aktuelt om nasjonale styresmakter ikkje klarar å straffeforfølgje dei som har utført kriminaliteten. Etter Rwanda og Jugoslavia fekk me internasjonale tribunal fordi nasjonar ikkje evna å gjennomføre straffeforfølging på eiga hand.

Må kartlegge traume

– Kva vil vente IS-barn som kjem til Norge?

– Dersom barn kjem til Norge, vil det vere helsevesenet som tek hand om dei. Me veit lite om kva traume dei har vore gjennom, noko som er viktig å få kartlagt. Her vil barnefaglege styresmakter følgje opp barna saman med helsevesenet.

– De vil DNA-teste foreldrelause barn - korleis vil de gjennomføre dette?

– DNA-testing er ein av utfordringane me jobbar med, og det er mange problemstillingar som må løysast før me kan hente ut barn. Men før me hentar dei til Norge, må me jo vite at dette faktisk er barn som har krav på norsk statsborgarskap, og at me ikkje tek ut andre sine barn. Me må vite om barnet har norsk mor eller far, for me må passe på at utanlandske foreldre, som me trudde var døde, ikkje dukkar opp og krev familiegjenforeining til Norge med eit barn som er henta hit. Dette skal me avskjere.

– Før eller seinare vil det stå IS-barn på norsk jord?

– Kanskje, me veit jo framleis ikkje om det vil vere mogeleg å få dei ut.

Asylsenter i utlandet

– Rekordmange einslege mindreårige asylsøkjarar har fått familiegjenforening, fortalde Aftenposten. Tidlegare har Frp åtvara mot såkalla «ankerbarn» - har det kome mange «ankerbarn» til Norge dei siste fire åra frå asyltoppåret 2015?

– Det er litt tidleg å seie. Difor eg har bede UDI om ei utgreiing. Eg har fått kunnskap om litt statistikk, men har ikkje fått heile likninga.

LES OGSÅ: Siv Jensen: – Ungdom er interessert i bompenger, eldreomsorg og innvandring

– Kva om dei mindreårige ikkje har fortalt den heile og fulle sanninga om omsorgspersonar i asylintervjuet?

– Dersom dei lyg i asylintervjuet kan det bli lagt vekt på, men før eg har fått utgreiinga frå UDI, blir dette berre spekulasjonar.

– Regjeringa har lenge ønskt å opne eit retursenter i Afghanistan for mindreårige asylsøkjarar som har fått avslag på søknad om opphald i Norge - kva er status for senteret?

– Me arbeider for å etablert denne typen senter, men det er eit langsiktig arbeid. For meg er det viktig at me får eit senter som kan fungere. For dette er personar frå Afghanistan som norske utlendingsstyresmakter meiner ikkje har krav på vern i Norge, samstundes som dei ikkje har kjente omsorgspersonar i Afghanistan. Difor skal Norge oppfylle behovet for omsorg i deira eiga heimland fram til dei fyller 18 år.

LES OGSÅ: Unge Frp-ere med klar beskjed: Snakk om mer enn innvandring

Senteret blir ein røyndom?

– Ja. Me arbeider for å få det etablert.

Vil bruke bistand til returavtalar

– I Granavollen-erklæringa står det at regjeringa vil bruke Norges posisjon som bistandsyter «til å sikre flere returavtaler og øke aksept for prinsippet om at alle land har plikt til å ta imot egne borgere» - kva meiner du om dette?

– Me må forvente at dei landa som Norge gjev bistand til tek i mot eigne innbyggjarar. Å ta i mot eigne boragar er ei folkerettsleg plikt, som også me har. Dersom Irak utviser ein norsk IS-krigar, må Norge ta i mot denne. Difor må me forvente at dei landa me gjev utviklingshjelp oppfyller sine folkerettslege plikter.

– Kva land har du på blokka som du ønskjer returavtalar med?

– Me må drøfte dette med utviklingsministeren. Granavollen-erklæringa er frå januar, så det er ikkje alt som er gjennomført. Men det er ikkje noko tvil om at me ønskjer å bruke bistandspengar til å gjere levekår betre slik at færre legg ut på flukt – og at det skal bli enklare å sende tilbake folk frå Norge, som ikkje skal vere her.

LES OGSÅ: Listhaug med rødt lys for kvoteflyktninger - og varsler kamp mot «oppkastmat»

– Få asylsøkjarar kjem til Norge i dag, regjeringa let andre gjere jobben med å halde flyktningane unna Europa, mellom anna ved å støtte EUs program i Libya og Hellas - kva medansvar har Norge for tilhøva i overfylte leirar i Libya og Hellas der menneskerettar blir krenka?

– Me har eit ansvar saman med resten av verdssamfunnet. Me yter finansiering slik at tilhøva skal vere best mogleg. Så er det slik at dette er vanskeleg no, men me må alltid tenkje kva som kan gjerast for å redde flest menneske. Me løyser ikkje dette ved å ta i mot 1.000 fleire kvoteflyktningar til Norge, og det er ingen statsleiarar i Europa som tek til orde for å hente ut tre millionar syriske flyktningane som sit i Tyrkia. Me tek årleg i mot 3.000 kvoteflyktningar, dette er dei mest sårbare.

Vårt Land skreiv på leiarplass då du blei justisminister: «…har dermed utnevnt en minister som var kjent som en effektiv, hard og nærmest nådeløs statssekretær i samme departement» - kva fotavtrykk vil du som justisminister setje i asyl- og innvandringspolitikken?

– Eg kjem til å vere strikt, fordi me må ha likebehandling etter loven. Norge er eit veldig attraktivt land å kome til. Me har ein velferdssamfunn som dei fleste berre kan drøyme om. No er det balanse. Men dersom det blir for mange som tek ut i høve til det som blir betalt inn, så blir det ubalanse. Fordi me ikkje ønskjer eit samfunn der nokre er så fattige at dei må bu på gata, kan me ikkje ha fri innvandring.

---

Jøran Kallmyr (41)

  • Frå Fræna i Romsdal
  • Gift, fire barn
  • Utdanna jurist
  • Fylkesformann i FpU Møre og Romsdal og formann i Oslo FpU, sentralstyremedlem i Fremskrittspartiets Ungdom (FpU).
  • Byrådssekretær, byrådet i Oslo 2003-2007
  • Nestleiar i samferdselskomiteen, bystyret i Oslo 2007-2008
  • Byråd i Oslo 2008-2011
  • Leiar av byutviklingskomiteen, bystyret i Oslo 2011-2012
  • Advokatfullmektig Advokatfirma Ræder 2012-2014
  • Statssekretær i Justisdepartementet 2014–2016
  • Advokat og partner i Advokatfirma Ræder 2016-2019
  • Justisminister 2019-

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk