Partileiar frå ytre høgre knuste populære Sanna Marin
VAL I FINLAND: Ingen fekk fleire røyster enn den invandringskritiske ytre høgre-leiaren Riikka Purra. Ho forklarar politiske val med flyktningar som trakasserte henne seksuelt i unge år.
VINNAR: Riikka Purra, leiar i ytre høgre-partiet Sannfinnane, er valet største vinnar. Ingen fekk fleire personrøyster enn henne. No kan ho ta partiet inn i regjering.
Vesa Moilanen
Riksdagsvalet forsterkar det endra biletet av Finland og finsk politikk: Fremst i framskotne posisjonar står yngre kvinner. Dei skuvar vekk eldre menn som har hatt klippekort i rikspolitikken. Ved valet sundag forsvann ein tidlegare statsminister motvillig ut av Riksdagen.
Parlamentsvalet gjorde Riikka Purra (45), leiaren i ytre høgrepartiet Sannfinnane, til sjølvaste røystedronninga.
Ho fekk heile 42.589 røyster. Eller fjerde mest røyster nokosinne i eit riksdagsval.