Ordinert prest og aktivist: – Kyrkja burde bruke liturgien aktivistisk
KLIMA: Klimaaktivist og ordinert prest Ellen Hageman meiner kyrkja bør gjere meir for klimasaka, og teolog Elisabet Breen etterlyser ein tydlegare bodskap.
«KLIMABRILLER»: Ordinert prest og miljøaktivist Ellen Hageman meiner ein bør lese Bibelen på nytt med «klimabriller». Biletet viser Hageman utanfor tingretten i Oslo i 2023. Ho vart tiltalt etter ein miljøaksjon på Sjursøya i 2022, der ho saman med andre aktivistar lenka seg fast til ein tankbil.
Erlend Berge
1. august markerte miljøorganisasjonar at verda har brukt opp sine ressursar for eit heilt år. Frå no av lev me på såkalla «lånte» ressursar, ifølgje miljøorganisasjonen Global Footprint Network.
Ellen Hageman er miljøaktivist i sivil-ulydigheitsgruppa Extinction Rebellion, men også ordinert prest i Den norske kyrkje. Ho meiner dagen er ei viktig påminning om at me har system som ikkje fungerer.
– Eg tenkjer at når Norge som eit av verdas rikaste land brukar opp sine ressursar i april, mens heile verda når denne dagen i august, betyr det at nokre land lever med veldig få ressursar. Det trur eg er eit viktig perspektiv å få med. Det blir banalt å seie det, men me må dele på ressursane, seier Hageman til Vårt Land.
Bestill abonnement her
KJØP