Ordet «kvinne» er ute av abortlov

JUSS: I regjeringas forslag til ny abortlov, er ordet «kvinne» erstatta med «gravide». – Uheldig og trist, meiner advokat og kvinnesaksforkjempar.

f
NY LOV: Fredag presenterte helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) regjeringas forslag til ny abortlov.
Publisert Sist oppdatert

I dagens abortlov dukkar ordet «kvinne» opp 34 gonger. I forslaget til ny abortlov er ordet erstatta med «gravide». Det kjem fram i regjeringas forslag til ny lov, som vart lagt fram før helga.

I forlaget skriv Helse- og omsorgsdepartementet at rettane i lova er lagt til «gravide», som viser til alle gravide, uavhengig av deira juridiske kjønn. Dermed vil abortlova også inkludere transpersonar og ikkje-binære.

I teksten som står til lovforslaget bruker departementet pronomena «hun», «henne» og «hennes» og ordet «kvinnen». Men i sjølve lovteksten blir berre ordet «gravide» brukt. Unntaket er paragrafen om abortnemnder, som seier at to av medlemmene skal vera kvinner.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS