Opplevde møte som truande og skremmande
ULOVLEG PRAKSIS: Nagga Hailemichael nekta å bli avhøyrt av etiopiske tenestemenn. Då oppsøkte dei han på cella på Politiets utlendingsinternat, saman med politiet.
INNELÅST: Nagga Hailemichael heime i stova i bygda Høsøien. Sidan 31.oktober har han vore internert på Politiets utlendingsinternat.
Tore Østby / Rørosnytt
– Det var heilt forferdeleg, fortel Nagga Hailemichael til Vårt Land på telefon frå Politiets utlendingsinternat.
Framferda til etiopiske tenestemenn har gjort Hailemichael svært redd og sterkt nedbroten. Det fortel også vener som har snakka med han, til Vårt Land.
Les kva Politiets utlendingseining (PU) svarar lenger ned: Om konfrontasjonen, om maktbruk, om eigedomssal.