Oljefondets etikkråd: – Openbert at flymotor er militært materiell
GAZA-KRIGEN: Etikkrådet har ikkje sett at eit israelsk selskap bryt Oljefondets retningslinjer. No vil dei vurdere investeringane på nytt.
FORVALTARANE: Oljefondsjef Nicolai Tangen (t.v.)
saman med leiar i etikkrådet, Svein Richard Brandtzæg og sentralbanksjef Ida Wolden Bache
i samband med Finanskomiteen heldt ope høyring om Statens pensjonsfond 2025 på Stortinget.
Foto: Lise Åserud / NTB
Lise Åserud / NTB
Kan motoren i eit bombefly reknast som militært materiell?
– Åpenbart. Eit anna spørsmål er om den i seg sjølv kan bli sett på som eit våpen. Dette treng imidlertid ikkje ha betydning for Etikkrådets vurdering av denne saka, seier Aslak Skancke, fagsjef i Etikkrådet i ein e-post til Vårt Land.
Spørsmålet har komme opp etter at Aftenposten måndag avslørte Oljefondets investeringar i det israelske selskapet Bet Shemesh Engines Holdings. Oljefondet kjøpte i 2023 seg opp i selskapet som held ved like kampfly brukt i krigen på Gaza. Det var samtidig som talet drepne palestinarar hadde overstige 20.000.
Bestill abonnement her
KJØP