Olaug Bollestad: – Eg føler eit stort ansvar

LEIARSTRID: Olaug Bollestad har no meldt frå til valkomiteen om at ho vil bli KrF-leiar. Men fleire fylkesleiarar seier at striden enno ikkje er over i det hardt plaga partiet.

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein gjorde en gjesteopptreden på KrFs landsstyremøte fredag. Her får han en klem av sin potensielle rival til ledervervet, Olaug Bollestad. Foto: Lise Åserud / NTB
FUNGERANDE: Då Ropstad gjekk av som leiar i KrF var det Olaug Bollestad som tok over leiarklubba i KrF. Men sjølv om Dag Inge Ulstein no er ute som kandidat, er det framleis fleire fylkeslag som meiner at det kan vere andre kandidatar for vervet på partiets ekstraordinære landsmøte i november.
Publisert Sist oppdatert

– Eg føler eit stort ansvar, men eg har og ei lyst til å vere med å bidra. Eg meiner vår stemme er viktig i det politiske landsskapet, seier fungerande KrF-leiar Olaug Bollestad til Vårt Land.

Onsdag morgon melde vart ho ringt opp av valkomiteen i partiet, og svarte då ja på at ho ønskjer å stille som kandidat når partiet i november skal velje ny leiar på eit ekstraordinært landsmøte. Få timar seinare vart det klart at hennar sterkaste konkurrent om vervet, Dag Inge Ulstein, ikkje stiller som kandidat.

Bollestad avviser at dette var avtalt spel mellom henne og Ulstein, og seier også at den litt spesielle timinga for å annonsere sitt leiarkandidatur – på same dag som den politiske plattforma til den nye regjeringa vart lagt fram – var bestemt av valkomiteen, og ikkje noko kandidatane hadde påverka.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP