Norske kristen-profilar hyllar biskop Mariann Budde: – Ho set verkeleg livet på spel
STØTTE: I sosiale medium viser norske kristen-profiler støtte til Washington-biskopen Mariann Budde, som vart verdskjend over natta då ho talte president Donald Trump midt imot.
HYLLAR BUDDE: Merete Thomassen, førsteamanuensis i liturgikk ved Universitetet i Oslo, hyllar Washington-biskop Mariann Budde etter talen ho heldt i gudstenesta under presidentinnsetjinga av Donald Trump.
Vårt Land
Mariann Budde, biskop i Den episkopale kyrkje i Washington, har fått stor merksemd etter at ho i preikinga si under innsetjinga av Donald Trump, valde å vende seg direkte til den nye presidenten.
– Det er homofile, lesbiske og transbarn i demokratiske, republikanske og partiuavhengige familier, hvorav noen frykter for livene sine, sa Budde og bad presidenten vise miskunn – noko som ikkje fell i god jord hos Trump og tilhengjarane hans.
For å vise støtte har norske geistlege bytt profilbiletet sitt på Facebook til eit av biskop Budde med teksten «Eg støttar ho». I tillegg har fleire signert eit opprop til støtte for biskopen, starta av pastoren Traci Blackmon i etterkant av gudstenesta i Washington, som no har over 5.000 underskrifter.
Bestill abonnement her
KJØP