Noreg skrik etter sjukepleiarar. Likevel får ikkje Lovisenberg utdanne fleire
Me manglar tusenvis av sjukepleiarar, og behovet blir stadig større. Men rigide reglar for praksis hindrar den populære høgskulen Lovisenberg, som gjerne vil ta imot fleire for framtida.
Høgskulen på Lovisenberg håpar at litt av den store mangelen på sjukepleiearar kan bli mindre ved at krava til praksis blir letta. (Hospice Lovisenberg, 2018)
Erlend Berge
Hadde Noreg hatt full dekning av sjukepleiarar, ville 5.600 fleire jobba i yrket no. Ser me fram mot 2035, kan Noreg vere i beit for 28.000. Det viser ein rapport SSB ga ut i fjor.
Men sjølv om sjukepleia er blant dei mest populære studia i år, er det mange som ikkje kjem inn. Det uroar Lovisenberg diakonale høgskole (LDH), som vil lage plass på skulebenken til fleire.
Det strame systemet stoppar studentar