Noreg i diplomatisk strid om kvinnerettar
KVINNEHELSE: Noreg er blant landa som nektar å underskriva ei ny, internasjonal erklæring. Grunnen er at Storbritannia i ettertid har fjerna setningar om kvinners seksuelle og reproduktive rettar.
NEI: Noreg nektar å signera ei erklæring om religionsfridom og likestilling etter at Storbritannia endra den. Statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet kallar endringane «beklagelege og uakseptable».
Erlend Berge
Noreg er i ein diplomatisk strid med Storbritannia. Grunnen er ei ny erklæring om religionsfridom og likestilling som blei vedteke på ein internasjonal konferanse i starten av juli.
I ettertid har Storbritannia fjerna formuleringar i erklæringa, som Noreg var sentral i å utarbeida.
– Desse endringane er beklagelege og uakseptable, og er bakgrunnen for at Norge ikkje har signert denne utsegna. Me har beklaga Storbritannias handtering av saka, seier statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet til Vårt Land.