Nordiske land lovar slutt på mjuk asylpolitikk

FLYKTNINGAR: Land etter land i Norden strammar inn asyl- og flyktningpolitikken. Finlands nye borgarlege regjering halverer talet på kvoteflyktningar og vil ha færre asylsøkjarar ved grensa.

asyl
REKORD: Flyktningar og migrantar ventar på å få kome ombord i ferga som skal ta dei frå Tyskland til Sverige. I 2015 søkte vel 160.000 personer asyl i Sverige.
Publisert Sist oppdatert

To trekk er synlege på flyktningfeltet:

  • Fleire flyktningar og migrantar passerer Europas yttergrenser for å finne ein tryggare – eller betre – morgondag. Berre i årets fem første månader kom det dobbelt så mange over Middelhavet samanlikna med same periode i fjor: 50.300, melder Frontex.
  • Norden strammar inn asyl- og flyktningpolitikken, nye regjeringar varslar at dei ønskjer få asylsøkjarar ved landets grenser og at langt færre skal få komme som kvoteflyktningar.

– Dei siste åra har Finland vore det einaste nordiske landet med ein mjukare innvandringspolitikk. Dette endrar seg no, sa leiaren i det høgrepopulistiske og innvandringskritiske partiet Sannfinnane, Rikka Purra, då Finlands nye borgarlege firepartiregjering la fram det politiske programmet sist fredag.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP