Nokre av dei eldste gudshusa i verda ligg i ruinar, professor meiner Israel har ansvar for å bygge opp

ØYDELAGDE GUDSHUS: Eit stort tal moskéar og kyrkjer ligg i ruinar i Gaza. Del av eit kulturelt folkemord, seier UiO-professor.

Palestinere går gjennom skadde bygninger i Rafah sør på Gazastripen. Ifølge en egyptisk TV-kanal er det gjort framgang i forhandlinger om en mulig våpenhvile mellom Israel og Hamas. Foto: Fatima Shbair / AP / NTB
EIN AV MANGE: Eit stort tal moskear er øydelagde i Gaza. Biletet viser palestinarar som ser på øydelegginga etter eit israelsk angrep på bustadblokkar og ein moske i Rafah på Gazastripa, 22. februar 2024.
Publisert Sist oppdatert

Gaza har nokre av dei eldste kyrkjene og moskéane i verda. No ligg mange av dei i ruinar etter ein krig der minst 42.500 palestinarar og over 1200 israelarar er drepne.

Ifølgje den arabiske nyheitskanalen Al Jazeera har israelske bombeangrep heilt eller delvis øydelagt 825 moskéar og tre kyrkjer i Gaza i løpet av det siste året. Nettstaden brukar pressekontoret i Gaza som kjelde.

UNESCO har undersøkt 120 satellittbilete av kulturinstitusjonar i Gaza, og stadfesta at 69 av dei er øydelagde. Dette inkluderer blant anna 10 religiøse institusjonar. Bileta dei har studert har dei fått av FN-tenesta Unitar, sidan det er umogleg å gjere eigne vurderingar «på bakken».

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS