No skal kyrkja bli «digital»: Kan koste 77 millionar kroner i året
Når kyrkja blir styrka på nett, må ein ikkje gløyme kyrkjerommet, meiner Kyrkjerådet: – Det har blitt veldig behageleg å sitte i sofaen med iPaden, seier Marie Klakegg Grastveit
Å løfte kyrkja digitalt skapte engasjement blant medlemmane i Kirkerådet og saksordførar Jan Olav Olsen.
Tuva Skare
– Tenk om me får til ein enkel måte å få inspirasjon til tru!
Det glødar av innleiinga til saksordførar Jan Olav Olsen frå Agder og Telemark bispedømmeråd når han legger fram satsinga «Digital kirke» på møtet i Kyrkjerådet.
Men den kostar. Prislappen kan kome på 77 millionar kroner i året viss alle planane blir gjennomført.
Bestill abonnement her
KJØP