Mor til død israelsk soldat får bruke sæden til sonen for å få barnebarn med surrogatmor
BARNEBARN: Israels militære gjev foreldre til drepne soldatar frå Gaza-krigen uvanleg tilbod.
SÆDUTHENTING: Israelske soldatar står vakt utanfor European Hospital i Khan Younis sør i Gaza. Når ein israelsk soldat blir drepen i Gaza-krigen, får foreldra tilbod om å hente ut sæd frå den døde.
Ohad Zwigenberg / AP / NTB
– Fråværet hans riv i sjela mi, overalt, til alle tider på døgnet. Eg saknar nærværet hans. Eg saknar til og med lukta hans. Eg sprayar parfymen hans rundt i huset for å kjenne lukta hans. Det er heilt uverkeleg at eg må vere kreativ berre for å kjenne på sonen min.
Det er Sharon Eisenkot som fortel kor hardt ho saknar sonen Maor – ho gjorde det til den israelske Channel 12 i fjor.
Maor Cohen Eisenkot blei skoten og drepen i Gaza i desember 2023 – to månader etter at Hamas gjekk til åtak på Israel, 7. oktober.
Bestill abonnement her
KJØP