Muslimsk jødehat

Det er slett ikkje muslimar som har ført jødehatet 
til Noreg. Men vi treng å vite meir om jødehat 
i islamske miljø.

– Med stor tyngde viste undersøkinga til HL-senteret i 2012 at det ikkje var muslimar som tok jødehatet hit til landet, skriv Johannes Morken.
Publisert Sist oppdatert

Det finst jødehat også blant muslimar. I Dagsnytt 18 i går kunne den pensjonerte læraren Geir Johannesen fortelje sine sterke erfaringar om jødehat spreidd av elevar. Han fortalde og om ein gjestande vaksen muslim som avslutta den avtalte informasjonsbolken med reklame for falskneriet Sions Vises protokoller – som blir hevda å dokumentere jødiske planar om å kontrollere verda. Johannesen hevda også at han som aktiv lærar ikkje kunne snakke ope om dette, fordi det ville svekkje omdømmet til skulen hans i kamp om elevar.

Slike forteljingar seier ikkje noko om kor utbreidd jødehat er blant muslimsk ungdom i Noreg. Det er likevel viktig at slikt kjem fram. At antijødiske førestellingar finst i muslimske miljø, er ikkje nytt. I 2012 laga Oslo kommune ei undersøking frå skulane sine. Den viste at eitt av tre jødiske barn vert ramma av rasisme ofte, medan berre kvart tjuande muslimske barn blir det. Halvparten av dei jødiske barna hadde opplevd ordet ­«jøde» brukt som skjellsord.

Norsk-etnisk

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP