Moské satsar på nynorsk
Vest-Telemark Muslimske Trudomssamfunn er Norges første nynorskmoské.
Skal du kjøpe Koranen på norsk, finst han berre i bokmålutgåve, førebels.
Poppe, Cornelius
Muslimar som går i moskeen i Åmot i Vest-Telemark kan no lesa om hovudbodskapen i islam på nynorsk. Det er dei glade for.
– Borna lærer nynorsk på skulen og difor er det bra at dei også kan lesa det her i moskeen, seier talsperson ved moskeen Ali Ahmed Dhadhaow til Vest-Telemark Blad.
Vest-Telemark Muslimske Trudomssamfunn blei skipa i 1996, og ligg i kommunesenteret i Vinje kommune, Åmot. Fylkesmannen i Telemark melder at moskeen har 85 medlemmer.
Bestill abonnement her
KJØP