– Me er ikkje dyr. Me kan bruka orda våre i staden for våpen
FRYKT: Ukrainarar i Noreg vakna opp til sjokkbeskjeden. No fryktar dei for familie og vener i heimlandet.
STOP WAR: Inna Kuts (33) tok fri frå jobben for å protestera mot den russiske invasjonen av heimlandet.
Alf Simensen
– Eg vakna klokka seks i dag tidleg av at telefonen ringde. Det var søstera mi som fortalde at ho måtte flykta.
Inna Kuts (33) står oppløyst i tårer, med ein enkel plakat i handa. Ho har teke fri frå jobben for å reisa til den russiske ambassaden i Oslo.
Ho er her for å protestera mot dei russiske angrepa mot heimlandet Ukraina.