– Mange frå Nir Oz mista livet, andre blei tatt med til Gaza som gislar
HAMAS-ISRAEL-KRIGEN: – Omverda tek ikkje inn over seg det som skjedde her 7. oktober, det er bodskapen overlevande og pårørande sender med meg heim til Norge, fortel Dag Øyvind Juliussen.
TERROR: Dag Øyvind Juliussen, dagleg leiar i Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem, vitja i februar kibbutzen Nir Oz sør i Israel. Kibbutzen fekk store skader under terrorangrepet 7. oktober, og 40 av dei som budde her blei drepne.
IKAJ
Snart fem månader etter at Hamas angreip Israel – og Israel svarte med å erklære krig mot den terrorstempla organisasjonen, og dødstala nærmar seg 30.000, kjem det grupper med kristne Israels-vener til landet.
I februar vitja Dag Øyvind Juliussen Israel saman med ei gruppe nordmenn. Han er dagleg leiar i den norske organisasjonen Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem (IKAJ).
Ein post på programmet til den årlege leiar- og pastorsamlinga var ein tur til områda sør i Israel som opplevde Hamas’ brutale herjingar 7. oktober.
Bestill abonnement her
KJØP