Må søkje NAV-støtte til gravferdene

NAV har brukt 339 millionar kroner dei siste fem åra på gravferdene til nesten 18.500 menn og kvinner. Kommune opplever at familie ikkje vil ta ansvar for gravferd.

Tom Budalen eig og driv gravferdsbyrået M. Jacobsens Eftf. i Oslo. Han må ofte hjelpe kundar med å søkje gravferdsstønad frå NAV.
Publisert Sist oppdatert

I møte med døden tel nokre kronene. Fleire fordi dei må; dei har for lite, sjølv etter eit langt liv i eit av verdas rikaste land. Andre vil ikkje betale ei einaste krone for å få familiemedlemmen i grava.

Tom Budalen er ein røynd gravferdsagent. Han har ordna denne siste ferda i 30 år. I mang ein samtale med pårørande om gravferda har han oppfatta dei små orda som fortel at han på nytt må ordne ei statleg teneste.

Søkje NAV om å få offentleg, behovsprøvd støtte til gravferda.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP