Lucifer, angsten og Vigdis

Det er ikkje rart ho blir redd, viss ho trur muslimske skaut signaliserer mordlyst.

Svømmelæreren Fadila Chafic bruker burkini når ho underviser barna. I Frankrike er plagget forbode. – Landet er i «granatsjokk» og trampar ned sine eigne verdiar i panikk. Fridom, likskap og brorskap blir fordom, ulikskap og utanforskap, skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen.
Publisert Sist oppdatert

Vigdis ser på Dagsrevyen med barnebarnet. Peikefingeren hennar er retta mot skjermen som viser sinte, svart­håra menn frå ei krigssone i Midt-Austen.

– Sjå vondskapen og hatet i dei mørke blikka! Du finn ikkje farlegare folk enn muslimar, seier ho. Guten tykkjer dei liknar på far til Amir i klassen.

Han har ikkje høyrt bestemora snakka slik før. Vanlegvis er lufta i stova hennar mjuk og varm. Ho er det beste mennesket han veit om. På hylla ved TV-en står eit blått kort han har teikna til henne, av ei kvinne med briller og venger. «Bestemor er ein engel», har han skrive. Ho elskar det kortet.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS