Lærer å lindre ved livets slutt
Dei fleste pasientar døyr på ein vanleg sjukeheimsavdeling som ikkje har spesialisert lindrande omsorg. I Oslo har alle sjukeheimar no spissa kunnskapen om smertelindring.
Nanda Khammala serverer lunsj til Else og Harry Haraldsen på Kingosgate bo- og rehabiliteringssenter i Oslo.
Erlend Berge
– Å, dei steller så godt med oss. Det er som om vi er foreldra deira.
Else Haraldsen snakkar om personalet på Kingosgate bo- og rehabiliteringssenter i Oslo. 89-åringen har kroniske smerter.
– Eg har artrose i begge skuldrene. Eg treng hjelp til så mykje, eg klarar ikkje stelle meg sjølv lenger.