Kyrkja har peika ut eitt parti veljarane ikkje må velje
VAL: Julian-Bert Schäfer brukte med stor glede mykje tid på frivillige oppgåver i kyrkjelyden. Så fekk han den brutale beskjeden: Du er uønska så lenge du er aktiv i partiet.
KATOLIKK: Då Julian-Bert Schäfer i juli i fjor blei fråteke fleire frivillige oppgåver i kyrkjelyden i Hamm, sende han ut ei videopressemelding med sterk kritikk.
Skjermdump frå video
Julian-Bert Schäfer er nemleg medlem av og politisk aktiv i Alternative für Deutschland (AfD).
Partiet ligg eit godt stykke ute på høgresida i tysk politikk – og det ligg svært godt an, målt i oppslutning før valet på ny forbundsdag i Tyskland 23. februar.
Opp mot kvar fjerde veljar seier dei støttar alternativt.