Kvinna med flammen frå ytre høgre
HISTORISK VAL I ITALIA: Kan få første leiar frå ytre høgre sidan verdskrigen.
I FRONT: Giorgia Meloni får truleg høve til å prøve å vere regjeringssjef, som Italias første kvinnelege statsminister. Ho leiar stort på meiningsmålingane.
Domenico Stinellis
Ti afrikanske menn på ei steintrapp i Firenze. Dei er fiendar av den europeiske sivilisasjonen. Seier kvinna som styrer mot statsministerjobben i Italia.
Firenze: Ein et lønsj, to snakkar i mobilen, sju berre sit i trappa og ser på livet som sklir forbi.
Hadde Giorgia Meloni fått bestemme, hadde ingen av dei fått sett seg ned på trappa og skoda bort på Santa Maria Novella, den gotiske basilikaen rett over piazzaen.