r
BRYLLAUP: Festen kan starte, brur og far kjem til den store synagogen i Roma. I porten ventar brudgommen.

Kvardag i frykt i gettoen

ANTISEMITTISME: Gettoen er ei italiensk oppfinning som stengde jødane inne bak høge murar. Romas jødar har budd i byen i over 2.000 år. No kjenner dei på stigande frykt, igjen.

Publisert Sist oppdatert

ROMA: Gitterporten står på vidt gap. Til dagleg er han bolta og låst. Ingen slepp inn i Tempio Maggiore, Romas største synagoge, utan å ha blitt sjekka som i tryggingskontrollen på ein flyplass.

På kvart hjørne sit ein politibetjent frå Carabinieri, Italias halvmilitære politistyrke. På hofta har dei ladde pistolar. I skilderhusa har dei skjermar som viser kva kamera rundt synagogen fangar opp.

I dag er det ekstra med politi i gatene rundt synagogen. Alle speidar dei etter det unormale, sjølv om dei har trekt seg litt unna dei festkledde.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP