Kunnskapsministeren om LHBTQ-bok: – Verkar ikkje egna for born

OPPLÆRING: Kunnskapsministeren svarar Kjell Ingolf Ropstad på spørsmål om LHBTQ-boka Gender Queer.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) utanfor Grønland kirke der ho har deltatt på skulegudsteneste saman med stortingspresident Masud Gharahkhani
VARIERT ER VIKTIG: Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) meiner at det er dei som arbeider på skulen som skal finne bøkene som passar for elevane sine.
Publisert Sist oppdatert

Før jul sendte Kjell Ingolf Ropstad inn eit skriftleg spørsmål til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap), der han lurer på om kunnskapsministeren meiner at LHBTQ-boka Gender Queer egnar seg for born.

Ropstad argumenterer med at tegneserieboka har eit seksuelt innhald som han seier dei fleste vil vere einige om at ikkje er for born, noko forfattaren Maia Kobabe og forlaget også sjølv har sagt.

I spørsmålet sitt viser han til eit utdrag frå boka lese av senator John Kennedy, der sexleketøy, kjønnsorgan og oralsex vert nemnt. Forfattaren sjølv har tidlegare sagt i eit intervju med Washington Post at boka ikkje er meint som barnebok, sjølv om boka er fargerik og i tengeserieformat.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS