Kritiserer Ap i abort-video: – Livets beste val var å ikkje høyre på dykk

ABORT: Martine Romøren meiner Arbeidarpartiet sviktar i støtta til foreldre som står i vanskelege abort-val. Stortingsrepresentant for Ap ber om at ein ikkje går til åttak på abortlova.

Martine Romøren
– FRYKTAR SORTERING: Martine Romøren meiner at å utvide abortgrensa potensielt vil føre til meir aksept for å ta abort seinare i svangerskapet, som ho igjen fryktar vil føre til at born med kromosomavvik vil hamne i ein endå meir sårbar situasjon.
Publisert Sist oppdatert

«I dag kjenner eg at mammahjartet mitt er knust»

Slik byrjar videoen Martine Romøren la ut på Instagram førre veke. I videoen kritiserer ho Arbeidarpartiet og Kamzy Gunaratnam for ikkje å ta alvorleg at det vert fødd færre born med Downs syndrom.

9 av 10 born med kromosomavvik blir abortert, ifølgje Folkehelseinstituttet. Det er dette Romøren reagerer på. Sjølv tok ho og mannen valet om å behalde barnet sitt på tross av at dei vart råda om det motsette.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS