KrF ut mot forslag til NLA-kutt: – Problematisk om likt verdigrunnlag er eit krav

ALTERNATIVT STATSBUDSJETT: Kjell Ingolf Ropstad reagerer kraftig på eitt av SV sine kuttforslag i det alternative statsbudsjettet deira. SV seier dei står godt i forslaget.

KrFs energipolitiske talsperson Kjell Ingolf Ropstad er skuffet over regjeringens avgjørelse og tror neppe det vil utgjøre den store forskjellen når det kommer til å nå de globale klimamålene. Foto: Lise Åserud / NTB
– UROVEKKJANDE: KrF-politikar Kjell Ingolf Ropstad meiner det er urovekkjande at SV vil kutte all støtte til NLA høgskolen. Her under ein pressekonferanse i Stortinget i 2023.
Publisert Sist oppdatert

For andre året på rad foreslår Sosialistisk Venstreparti (SV) å kutte støtta på nesten 340 millionar kroner til NLA høgskolen i sitt alternative statsbudsjett for 2025. Som i fjor, står det ikkje noko grunngjeving for støttekuttet i det alternative budsjettet, men til Dagen seier Grete Wold, SV sin utdanningspolitiske talsperson, at det føreslåtte kuttet er på grunn av verdigrunnlaget til skulen.

NLA høgskolen er ein privat, kristen høgskule med avdelingar i Bergen, Oslo og Kristiansand. Høgskulen tilbyr ei rekkje utdanningar, mellom anna lærar- og journalistikkutdanningar.

Høgskulen har vorte kritisert for verdidokumentet sitt, der det visast til ekteskapet mellom mann og kvinne som «bærende norm i samlivsetikken». Det er dette punktet SV reagerer på, og som dei meiner går imot skeive og deira rettar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP