KrF: Fleire ureturnerbare må få opphald. Ap: Nei

PAPIRLAUSE: KrF kjempa fram amnestiet for eldre, ureturnerbare utlendingar. No vil Kjell Ingolf Ropstad ha på plass ei ny ordning som skal sikre fleire opphald. Ap avviser oppmjuking.

opphald
AMNESTI: KrF-leiar og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad vil at fleire ureturnerbare som har vore lenge i Norge skal få opphald.
Publisert Sist oppdatert

– I Norge oppheld det seg personar som ikkje oppfyller krava i eingongsløysinga, men som likevel har vore lenge i landet, og som må få eit betre liv. I dag er liva deira sett på vente, og dei har få eller ingen rettar. Slik kan me ikkje ha det, meiner Ropstad.

Vårt Land fortalde tysdag at 53 personar som er i målgruppa for amnestiet har meldt seg hjå Utlendingsnemnda (UNE), og ber om at deira sak blir vurdert i lys av ordninga som Justisdepartementet rulla ut i april.

Arbeidarpartiet, som er i siget mot regjeringsmakt etter stortingsvalet, gjev ikkje KrF-leiaren politisk drahjelp til ei ny og utvida eingongsløysing. Masud Gharahkhani, innvandringspolitiske talsmann, skriv i ein sms til Vårt Land at Ap er «skeptiske til generelle amnestier fordi det undergraver returarbeidet, og dermed også asylinstituttet».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS