Kongo, tumleplass for leigesoldatar – også norske
KRIGEN I KONGO: Kongo var tumleplassen for leigesoldatar då landet blei sjølvstendig. No er dei tilbake.
KRIGAR MOT BETALING: Ein militskrigar frå M23 vaktar avvæpna rumenske leigesoldatar i Gisenyi, den rawandesiske byen grensar til Goma i Congo, som M23 har erobra.
Brian Inganga
Strippa for våpen og uniformer står dei oppstilte i grensebyen Gisenyi.
Militskrigaren som passar på dei tilhøyrer opprørsgruppa M23 i Kongo.
Mennene i sivile klede kjem frå Romania. Dei kom til Kongo for å krige. Mot betaling. Onsdag blei dei viste fram.