Kong Harald har fått operert inn pacemaker
Kong Harald har i dag fått operert inn ein permanent pacemaker. Slottet opplyser at inngrepet var vellykka.

– Inngrepet var vellykka, og kongen har det bra. Kongen vil vere på sjukehuset i nokre dagar til, skriv Slottet i ei pressemelding.
Kongen vart sjuk med ein infeksjon 27. februar under ein ferietur i Malaysia og lagd inn på sjukehus. Han fekk operert inn ein mellombels pacemaker under sjukehusopphaldet.
Annonse
Han vart første helga i mars frakta heim med fly og lagd inn på Rikshospitalet i Oslo. Kongen er sjukmeld i to veker.