KFUK-KFUM byggjer klimafolkehøgskule

KFUK-KFUM vil etablere ein kristen klimahøgskule på Svalbard. – Dette er heilt i tråd med vårt kristne samfunnsetiske engasjement, seier Øystein Magelssen, generalsekretær i organisasjonen.

Studentar ved KFUK-KFUMs Folkehøgskolen Nord-Norge badar på Svalbard.
Publisert Sist oppdatert

Mens staten vil redusere ­
koldrifta på Svalbard, vil KFUK-KFUM setje heilt andre avtrykk i det sårbare polare landskapet. Svalbard folkehøgskule skal 
ha ein tydeleg arktisk profil og ein visjon om å fremje eit berekraftig samfunnsengasjement blant unge, står det å lese i prosjektrapporten som Svalbard Folkehøgskule AS har fått utarbeidd. Initiativtakarane er
ei gruppe privatpersonar frå Svalbard ­saman med KFUK-KFUM, som no går inn som majoritetseigar med 66 prosent av aksjane.

– Vi vil formidle klima­engasjement og gode verdiar for unge menneske der klimakampen verkeleg utspeler seg, med linjetilbod som ein ikkje vil finne nokon annan stad og som er heilt i tråd med vårt kristne samfunnsetiske engasjement, seier KFUK-KFUMs generalsekretær, Øystein Magelssen.

Faginnhaldet skal gå rett inn i dei største spørsmåla menneskja står overfor i vår tid, og plasseringa i Longyearbyen gir nærleik til den beste kompetansen på området.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP