Støttar Tutus oljeboikott – kjøper oljeaksjar

– Vi har eit stort dilemma, seier Kirkens Bymisjon.

Desmond Tutu vil no vinne klimakampen. Han vil bruke eit kjent anti-apartheid-våpen; boikott av oljeselskap som ikkje gjer det gode.
Publisert Sist oppdatert

Kirkens Bymisjon støttar Desmond Tutus bøn om boikott av oljeselskap. Men for å få mest mogleg pengar til å hjelpe menneske som slit, investerer Bymisjonen i oljeaksjar.

– På den eine sida er det lett å stille seg bak Tutus bøn om at oljeselskap som ikkje vil gå over til fornybar energi skal boikottast. Men, og det er eit stort men; skal vi få best mogleg avkastning på midla vi forvaltar, for å kunne hjelpe flest mogeleg, må vi vere på børsen. Og når vi har valt å berre kjøpe aksjar i norske selskap, kjem vi ikkje utanom oljeselskap for Oslo børs er ein «oljebørs», seier økonomidirektør Per Bjørner Myrbostad til Vårt Land.

Tysdag fortalde Vårt Land at biskop Desmond Tutu, som var med på å vinne kampen mot apartheid-politikken i Sør-Afrika, no vil vinne klimakampen. Tutu vil bruke eit kjent anti-apartheid-våpen; boikott av oljeselskap som ikkje gjer det gode.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP