Kjersti Toppe: Ulstein er lite real og går langt over streken
VAKSINESTRID: Kjersti Toppe skuldar KrF for å legga opp til splitting i det politiske samhaldet rundt koronahandteringa.
HARDE FRONTAR: Dag Inge Ulstein har åtvara mot «vaksinenasjonalismen» til Senterpartiet. Kjersti Toppe meiner han må beklaga utsegna.
Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) kalla Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum for «pandemiens beste venn», i eit intervju med Vårt Land i helga. Ulstein har også i eit intervju med VG skulda Sp-Vedum for å driva «vaksinenasjonalisme».
Grunnen er at Vedum meiner at Noreg burde ha takka ja til knappe 700.000 vaksinedosar gjennom Covax-samarbeidet. I november i fjor takka regjeringa nei til desse dosane og valde heller å overføra dei til fattige land.
Ulstein seier til Vårt Land at «det hjelper ingen andre enn viruset at me berre er opptatt av oss sjølve». Han peiker på at vaksinar til fattige land vil hindra at viruset får mutera seg i nye land.
Bestill abonnement her
KJØP