Kan bli mobba fordi dei er kristne
Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK) har opplevd at såkalla DELK-barn vert mobba på eigne skular. Det å framstå som kristen, kan vere mobbegrunn i seg sjølv.
Ifølgje lektor Bjarne Kvam, er det mindre mobbing på kristne friskular enn andre skular, mest sannsynleg fordi det er færre elevar. Han er oppteken av at lærarane må skape ein felleskultur for å hindre mobbing. Biletet er eit illustrasjonsfoto.
Kallestad, Gorm
– Vi har hatt eitt tilfelle der somme elevar med DELK-bakgrunn opplevde seg mobba. Dei var med på DELKs eige ungdomsarbeid, som ikkje vart sett på som like «kult» som ungdomskveldane ein annan kyrkjelyd i byen arrangerte, fortel Rolf Ekenes.
Han er tilsynsmann for Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK). Ifølgje han vart tilfellet handtert på ein god måte av den aktuelle skulen.
– I tillegg opplevde vi for nokre år sidan på ein av skulane at elevane som var aktive i skulelaget vart erta av andre elevar for dette. Vi har ikkje sett noko til dette seinare, verken på denne skulen eller andre, seier han.