IS-kvinna får reiserekning på over 70.000 kroner frå UD
MÅ BETALE: Den terrorsikta kvinna som blei henta heim til Noreg frå Syria i fjor får snart eit krav på over 70.000 kroner for å dekke kostnadane knytt til heimreisa.
UTGIFTER: Den 30 år gamle kvinna er tiltalt for å ha delteke i ekstremistgruppa IS i nesten seks år. No får ho snart eit krav for å dekkje kostnadar knytt til heimhentinga av ho og borna hennar frå Syria.Tegning: Esther Bjørneboe/NRK/NTB
Esther Bjørneboe/NRK/NTB
Den omdiskuterte heimhentinga av den norsk-pakistanske IS-kvinna og dei to borna hennar skal betalast av kvinna sjølv. Det slår utanriksminister Ine Eriksen Søreide fast i eit svar til eit skriftleg spørsmål frå Jon Helgheim i FrP.
Ho skriv at utgangspunktet for all konsulær bistand er at den enkelte norske borgar dekkjer sine eigne utgifter, og at dette også gjeld i denne saka. I dette tilfellet er utgiftene på 70.197 norske koner, og dekkjer mellom anna reisedokument og flybillettar for kvinna og dei to borna hennar. Ho vil snart få kravet tilsendt.
Pågåande rettssak