Innenriks

Frp tek kyrkjebenkstrid til Stortinget

SMITTEVERN: Framstegspartiet ber regjeringa om å umiddelbart likestille smittevernreglane for fastmonterte benker og stolar i kyrkjer og andre forsamlingslokale.

Frp har fredag fremja representantforslag i Stortinget. Dei ber om at saka blir hastebehandla, slik at flest mogleg får delta i julegudsteneste i år.

Bakgrunnen er at kyrkjebenker ikkje blir rekna som fastmonterte seter. Dermed får kyrkjer med benker berre ta imot 50 personar, medan kyrkjer med fastmonterte stolar får ta imot inntil 200 personar.

– Det er heilt utruleg at det skal vere nødvendig, men akkurat no er situasjonen sånn at Bent Høie tvingar kyrkjene til å avvise tusenvis av menneske frå julegudsteneste på grunn av ein regel som rett og slett ikkje gir meining, seier Åshild Bruun-Gundersen i Frp.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Innenriks