Ikkje vakker nok mellom beina
– Hei, eg vil gjerne bestilla ein time for kjønnslemlesting.
«Mykje tyder på at mange unge satsar på perfeksjon som medisin mot utryggleik», skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen.
Gorm Kallestad/NTB scanpix
– 17-åringen min er rasande fordi eg ikkje lar henne få lov til å operera kjønnsleppene sine, fortalde mora. Ifølge henne var dottera slett ikkje den einaste i venninnegjengen som hadde bestemt seg for å ta kosmetisk intimkirurgi.
Oslo Plastikkirurgi har blitt oppsøkt av jenter under 18 år saman med foreldra deira. Overlegen som leier privatklinikken, Amin Kalaaji, seier til nettmagasinet Kvinneguiden at dei aldri har operert jenter under 18 år, «selv om de har stor labia (kjønnsleppe)».
– Det er viktig at de går gjennom puberteten først, forsikrar han.