Idrettsforbundet tek grep – jobbar med forbod mot strøyming av barneidrett

Norges idrettsforbund er i sluttfasen med å forme ut nye reglar som vil leggje klare avgrensingar på moglegheita til å strøyme idrettsarrangement der barn deltek.

Idrettsforbundet vil forby strøyming av barneidrett.Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK
Idrettsforbundet vil forby strøyming av barneidrett.Illustrasjonsfoto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK
Publisert Sist oppdatert

Det er Bergensavisen som omtaler arbeidet med dei nye retningslinjene rundt strøyming av barneidrett. Datatilsynet og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) er òg engasjerte i saka.

Idrettsarrangement for barn og ungdom har i stadig større grad vorte direktesende av mellom anna aviser og TV-kanalar dei siste åra. Idrettsforbundet ser med bekymring på utviklinga og tek no grep.

– Viss vi ikkje regulerer dette no, så ser vi ei utvikling der få arrangement ikkje vil vere utsett for filming i framtida, seier Pål Kristen Rønnevik, leiar for modernisering og digitalisering i forbundet til Bergensavisen.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe peikar på at jobben som no blir gjort handlar om tryggleiken, personvernet og den digitale tryggleiken til barna.

Aktørane som har jobba med dei nye retningslinjene peikar mellom anna på at mange barn i Noreg lever med hemmeleg adresse eller skjult identitet. Strøyming av arrangement kan ekskludere desse barna frå å delta.

Ei anna bekymring handlar om at enkelte barn kan oppleve stress og ubehag rundt det å spele framfor TV-kamera. Filming av barn og unge inneber i tillegg ei behandling av personopplysningane deira.

– Dei frivillige i dei enkelte idrettslaga og føresette til barna har ofte avgrensa kunnskap om kva reglar som gjeld. Vi er bekymra for at mykje av den strøyminga som skjer der ute ikkje skjer i tråd med krava i personvernregelverket, skriv Datatilsynet i ein e-post til Bergensavisen.

Avisa skriv at arbeidet som no er gjort mest sannsynleg vil munne ut i ei tilråding om at det ikkje blir tillate strøyming av idrettsaktivitet med barn under 13 år.

(©NPK)