Høgre-byar tappar bustadselskap

– Dei oppfører seg som rå hushaiar. Dette er pengar som tas frå de fattigaste, meiner SV-politikar.

Heikki Holmås (SV) stiller seg svært kritisk til at Oslo og Bergen kommunar tek ut store summar i utbyte frå eigne bustadføretak.
Publisert Sist oppdatert

Trass i vedlikehaldsetterslep på 1,4 milliardar kroner, har Oslo kommune henta over éin milliard i utbyte frå eige bustadselskap. Både Oslo og Bergen trappar no opp utbytekrava.

Mandag fortalde Vårt Land om det veksande husleigenivået i dei største norske byane. Årsaka er stor pågang i ein liten bustadmarknad, i tillegg til mangel på utleigebustader. Kommunale bustader er eit tilbod til dei aller svakaste gruppene i samfunnet. No viser det seg at Oslo og Bergen ut enorme summar i utbyte frå eigne bustadføretak, samstundes som dei let bustadmassen forfalle.

Millionar i utbyte. Frå 2004 til 2011 har Oslo kommune tatt ut over 1,1 milliardar kroner i utbyte frå det kommunale føretaket Boligbygg Oslo, trass i at føretaket har eit vedlikehaldsetterslep på 1,4 milliardar kroner. Frå 2012 til 2014 planlegg kommunen å ta ut 646,5 millionar kroner.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP