Har gjort surrogati straffbart
FORBODEN FAMILIE: Paret har fått ein son med hjelp av surrogatmor. I heimlandet er dette blitt straffbart.
LOVLEGE FORELDRE: Stefano (t.v.) og Alessandro blei foreldre til ei dotter før surrogati utanlands blei ulovleg i Italia. I fjor vår gjekk dei i demonstrasjonstog mot loven, i Roma.
Alessandra Tarantino
I februar blei guten fødd i San Diego i California. Men det homofile paret vågar ikkje å reise heim til Italia med sonen.
– Dei er veldig urolege for å returnere til Italia, for der ventar fengsel og bøter, fortel advokat Gianni Baldini til Guardian.
Han representerer paret som no vurderer å bli buande i USA.