Han er redd Vestbreidda skal bli det nye Gaza: – Me vil ha fridom og fred

VESTBREIDDA: Valden og åttaka på Vestbreidda aukar, ekspert sier mange fryktar vidare annektering. Gjeld internasjonal lov berre for vestlege folk? spør palestinaren Issa Amro.

Issa Amro, palestinsk menneskerettsaktivist busett i Hebron på Vestbreidda.
20 ÅR MED MOTSTAND: Issa Amro, palestinsk menneskerettsaktivist busett i Hebron på Vestbreidda. Han har jobba med ikkje-valdeleg motstand mot den israelske okkupasjonen i 20 år gjennom organisasjonen Youth Against Settlements.
Publisert Sist oppdatert

Det er våpenkvile på Gazastripa, men på den israelskokkuperte Vestbreidda aukar valden. Befolkninga her har i aukande grad vorte utsett for vald frå israelske styrkjer og ulovlege israelske busetjarar sidan Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023 – der minst 1.100 personar vart drepne og 251 vart tekne som gislar av Hamas.

– Den israelske regjeringa har stengt Vestbreidda heilt, det er full lockdown, fortel palestinaren Issa Amro til Vårt Land.

Amro er menneskerettsaktivist basert i byen Hebron, sør på Vestbreidda. Han fortel at folk ikkje får reise frå mellom byar, og nokre plassar ikkje eingong forlate heimane sine.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS