Hamas held USA ansvarleg for sjukehus-aksjon – USA vil hindre skotveksling
Det israelske militæret har sett i gang ein målretta aksjon mot Hamas i ein del av Shifa-sjukehuset på Gazastripa. Hamas går kraftig ut mot Israel – og USA.
Det israelske militæret opplyste om aksjonen på X like etter klokka eitt natt til onsdag.
Den er ifølgje militæret basert på etterretningsinformasjon. Gjennom operasjonen vil militæret nedkjempe Hamas og redde gislar, heiter det.
– Israel er i krig med Hamas, ikkje med sivile i Gaza, skriv militæret.
Blant styrkane er medisinske team og folk som snakkar arabisk og har fått spesialopplæring, ifølgje militæret. Det skal ifølgje Israel sørgje for at ingen sivile «som brukes av Hamas som menneskelige skjold», blir skadd.
– Vi ber alle Hamas-terroristar til stades på sjukehus om å overgi seg, lyder beskjeden frå militæret.
Ein tenesteperson i det Hamas-styrte helsedepartementet på Gazastripa fortel til nyheitsbyrået AFP at han kan sjå stridsvogner inne på sjukehusområdet, og dessutan soldatar inne i akuttmottaket og resepsjonen.
Til Al Jazeera opplyser ein talsperson for helsedepartementet at dei israelske styrkane leitar gjennom kjellaren ved sjukehuset.
Gir Israel ansvaret
Dei palestinske helsestyresmaktene seier i ei fråsegn referert av nyheitsbyrået Reuters at dei held dei israelske styrkane fullt og heilt ansvarlege for liva til helsepersonell, pasientar og fordrivne på Shifa-sjukehuset.
Sjukehuset er det største på Gazastripa. Det har vorte omringa som ein del av den israelske bakkeoffensiven, og Israel hevdar at militante driv med fordekt militærverksemd frå sjukehusområdet. Dette har vorte avvist frå palestinsk side.
Inntil no har Israels militære avstått frå å gå inn i bygningen.
USA støttar Israels forklaring
Tysdag kveld opplyste USA at dei har etterretningsopplysningar som viser at Hamas har ein kommandosentral under sjukehuset. USA støttar dermed opp under den israelske forklaringa på kvifor det har gått føre seg kampar like ved sjukehuset.
Det var denne uttalen som gav grønt lys for aksjonen, ifølgje Hamas.
– Det kvite hus' og Pentagons tilslutning til den feilaktige framstillinga, der det blir hevda at motstandsrørsla bruker Shifa-sjukehuset til militære formål, var eit grønt lys for okkupanten til å gjere seg skuldig i fleire massakre mot sivile, heiter det i meldinga frå Hamas.
USA: Sjukehus må vernast
Det kvite hus seier i ei fråsegn at USA ikkje støttar eit angrep mot sjukehus frå lufta og heller ikkje ønskjer ei skotveksling på eit sjukehus. Den spesifikke aksjonen mot Shifa-sjukehuset er ikkje nemnd, men uttalen kom kort tid etter meldingane frå det israelske militæret.
Det kvite hus uttaler også at sjukehus og pasientar må vernast.
– Vi støttar ikkje eit angrep mot eit sjukehus frå lufta, og vi ønskjer ikkje ei skotveksling på eit sjukehus der uskuldige, hjelpelause og sjuke menneske som prøver å få den medisinske hjelpa dei fortener, er fanga i krysseld, seier ein tenesteperson i det nasjonale tryggingsrådet.
Vedkommande ønskte ikkje å bli namngitt.
Norske borgarar ut onsdag
Det var laurdag 7. oktober at palestinske Hamas overraskande gjekk til angrep på Israel på fleire frontar, der Israel erklærte krig. Angrepet er det største og dødelegaste Israel har opplevd sidan Jom Kippur-krigen for 50 år sidan.
Rundt 270 norske borgarar og personar med norsk tilknyting er på Gazastripa, ifølgje regjeringa.
Tysdag fekk det norske Utanriksdepartementet beskjed om at 51 norske borgarar har fått løyve til å reise ut frå Gaza via grenseovergangen Rafah onsdag.