– Hamas er sterkt militært svekkja, men ikkje utsletta
GAZAKRIGEN: 42.000 er døde. Krigen mot terroristane har rast i eitt år. Hamas er svekka, ikkje knust. Den nye leiaren ønskjer ikkje fred no.
LOVAR KAMP: Yahya Sinwar talar til folket i Gaza by, før krigen. Sinwar leia Hamas i Gaza, no er han blitt valt til aller øvste leiar, og lever i løynd i Gaza.
John Minchillo
«Eg blei ringt opp av fetteren min, Nir, som sa at terroristar prøvde å bryte seg inn i huset deira. Dei kom seg ikkje inn, så dei brann ned det trygge rommet.»
Det er Ella S. som fortel kva som skjedde den sjuande dagen i oktober 2023.
Krigarar frå Gaza tok seg inn i kibbutzen Beeri, sør i Israel. Dei klarte ikkje å nå Ella og familien. Dei tok familien til Nir.