Haitis president vart drepen i eit angrep natt til onsdag, melder lokale medium

Haitis president Jovenel Moïse vart natt til onsdag drepen i eit angrep mot bustaden hans, opplyser fungerande statsminister Claude Joseph til lokale medium.

FILE - In this Sept. 27, 2018, file photo, Haiti's President Jovenel Moise addresses the 73rd session of the United Nations General Assembly, at U.N. headquarters in New York. Moïse was assassinated after a group of unidentified people attacked his private residence, the country’s interim prime minister said in a statement Wednesday, July 7, 2021. Moïse's wife, First Lady Martine Moïse, is hospitalized, interim Premier Claude Joseph said. (AP Photo/Richard Drew, File)
PRESIDENT: Jovenel Moise var president på Haiti då han heldt tale til FNs generalforsamling i 2018. Onsdag vart han drepen i eit åtak retta mot bustaden hans.
Publisert Sist oppdatert

Ei gruppe uidentifiserte personar angreip Moïses privatbustad ved 1-tida natta mellom 6. og 7. juli. Presidenten vart dødeleg såra, skriv Joseph i ei fråsegn gjengitt av nyheitsnettstadene Juno7. og VBI.

Ber om ro

Joseph fordømmer angrepet og maner befolkninga til ro. Han seier politiet og dei væpna styrkane i landet har kontroll på tryggingssituasjonen. Joseph har signert uttalen som «fungerande statsminister», sjølv om president Moïse så seint som måndag utnemnde ein ny statsminister, Ariel Henry.

Førstedame Martine Moïse skal ha vorte såra av skot i det same angrepet.

Uroleg

Moïse har styrt det karibiske landet sidan februar 2017. Valet i oktober 2019 vart avlyst, delvis som følgje av omfattande protestar mot Moïse. Presidenten har styrt ved dekret sidan perioden til den førre nasjonalforsamlinga gjekk ut i januar i fjor.

Landet, som er det fattigaste på det amerikanske kontinentet, er herja av lovløyse og uvisse. Bortføring med krav om løysepengar er eit stort problem, og gjengane som står bak, går i praksis fri for straff.