Gutejenter og jentegutar
Det handlar ikkje alltid om trans. Det handlar om roller som blir for tronge.
Eg kan vera kva eg vil, seier reklamen i leiketøysbutikken. Men nokon har kuppa barndommen. Det handlar om roller som blir for tronge, skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen.
Mark Lennihan/NTB scanpix
Eg vil vera gut! seier Thea (6). På SFO vil ho ikkje vera inne med jentene og perla eller laga armband. Ho tar heller på den blå skyggelua og spring ut for spela fotball eller kappspringa. Ikkje langt unna bur Nora (5). Ho likar å klatra og grava i jorda etter meitemark.
– Eg heiter ikkje Nora, eg heiter Markus! seier ho.
Me veit litt meir om transpersonar nå enn før, ikkje minst gjennom dokumentarprogram som «Født i feil kropp». Forskarane trur dette er eit aukande fenomen. I april anbefalte utgreiinga «Rett til rett kjønn – helse til alle kjønn» at samfunnet gjer det enklare å få stadfesta det kjønnet ein opplever å ha, både juridisk og medisinsk.