Gjer bedehuset trendy igjen
På Skjærgårds står stemninga i taket når basaren vert sett i gong. Men det er litt ironisk også.
Bedehuset er særleg populært blant dei eldste på
Skjærgårds, sidan desse kjenner best til bedehuskulturen.
RISØYA: «Han er min sang og min
gle-e-e-de! Han er min Herre og
Gu-u-u-d!»
Den gamle bedehussongen ristar teltduken i eit av dei store telta på Skjærgårds Music & Mission Festival. Teltet har fått namnet Bedehuset og over 250 ungdommar har stimla saman for å kjøpe lodd og bli underhaldt av rappkjefta møteleiarar.
Interiøret er som henta frå eit kvitt, verslitt bedehus på Vestlandet. Dukane på borda er raudruta, veggane har plakatar med bibelvers skrive med rettskriving i snirklete skrifttype. På eit bilde er ein mild og alvorleg Jesus.