Ga kollekt til fotballag – får refs frå toppspelar
– Eg ville aldri teke imot, seier landslagsspelar Melissa Wiik om pengane som Citykirken samla inn.
Vålerenga Fotball er i økonomisk ruskevêr nok ein gong. Mellom dei som samlar inn pengar til drifta, er Citykirken i Oslo og pastor Thomas Åleskjær. – Dei går over streken, seier Melissa Wiik, landslagsspelar og spiss på Stabæk.
Larsen, HÂkon Mosvold
Fotballklubben Vålerenga (VIF Fotball) er i akutt pengemangel igjen. Oslo-klubben treng 15 friske millionar kroner for å overleve sesongen.
Det har fått supporterklubben Klanen til å fortvile, men også til å setje i gang kronerulling. Og no har VIF-supporter og pastor Thomas Åleskjær teke innsamlinga inn i kyrkja. Førre søndag fekk han sin eigen hjord i Citykirken til å finne fram lommeboka. Dei 150 som deltok på gudstenesta gav til saman 10.000 kroner i kollekt, som går til toppklubben.
– Vi er ei Oslo-kyrkje og har engasjement for byen. Vi vil vise at vi bryr oss om meir enn våre eigne behov, seier Åleskjær.
Bestill abonnement her
KJØP