Fryktar olje-vedtak kan skada Den norske kyrkja på bygda
BISPEVISITT: Under bispevisitas kjem bonde Dag Fossen med sviande kritikk mot Den norske kyrkjas vedtak om stans i oljeleiting. – Mange kyrkjegjengarar i utkant-Noreg reagerer, seier han.
SPLITTAR: Bonde Dag Fossen fryktar at Kyrkjemøtet sitt olje-nei kan føra til meir splitting mellom kyrkje og bygd. – Støtta til oljeindustrien er mykje større på bygda, seier han.
Foto: privat
Det har vekt reaksjonar at det øvste organet i Den norske kyrkja ber Noreg stansa vidare leiting etter olje og gass.
I kveld får Tunsberg-biskop Jan Otto Myrseth kritikken rett i fanget, under bispevisitas til Hedenstad menighetshus ved Kongsberg.
Her skal Dag Fossen halda eit innlegg for biskopen om kyrkja sitt forhold til bygdesamfunn. Han åtvarar mot at olje-vedtaket kan skada tilliten til kyrkja, ikkje minst blant folk som bur på bygda.
Bestill abonnement her
KJØP