Frp avviser ny runde om dødshjelp
Frp-nestleiar Per Arne Olsen avviser blankt ein ny debatt om aktiv dødshjelp på Frp-landsmøtet.
Per Arne Olsen, stortingsrepresentant og nestleiar i Frp, vil ikkje ha ny dødshjelp-debatt på landsmøtet.
– Det er ingen grunn til å ta opp dette opp att på dette landsmøtet, seier Olsen til Vårt Land.
Olsen viser til at landsmøtet denne gongen ikkje skal behandle noko politisk program eller prinsipprogrammet.
Det er heller ikkje kome inn resolusjonsforslag om emnet, og partileiinga legg ikkje opp til å gjere noko enkeltvedtak om dødshjelp.
Bestill abonnement her
KJØP