Frelsesarmeen passerer snart milliarden
Fekk overskot på nær 60 millionar kroner i fjor.
Artisten Vidar Busk har spilt for Frelsesarmeen på Egertorget i Oslo.
Scanpix
Frelsesarmeen kan notere eit nytt godt økonomisk år. Konsernrekneskapen for Frelsesarmeen i Noreg viser ein omsetnad på 914 millionar kroner og eit overskot på 59 millionar kroner, melder KPK.
Forvaltningssjef, major Jan Risan, seier overskotet gjer det mogeleg for Frelsesarmeen å gi omsorg for heile mennesket også i framtida.
- Vi legg vekt på å vere langsiktige og nøkterne for å gi ei hjelpande hand til flest mogeleg trengande. Frelsesarmeen er særs takksam til alle givarar, samarbeidspartnarar og alle tilsette, medlemer og frivillige for gåver og innsats i 2006, seier han til KPK.
Bestill abonnement her
KJØP